Intervju med Olav

Trodal 1993
Informant: Olav S. Trodal f.1922
Registrator: Gunnar Svein Haugsvær (Båt- og sjøbruksregistreringane)
Første brukar som er nemd i Trodal var Sjur i 1563.

Naust og notnaust

-Frå først av var det eit fellesnaust for begge bruka i Trodal. Seinare var det også felles notnaust. Dette vart seld til Solheim ca 1920-25. Olav kan ikkje hugsa noko som vart fortald om dette notbruket.

Naustet som står i dag har årstalet 1822 og bumerket til br.2 innrissa på arkdøra inn på naustloftet. Olav trur ein skal tolka det som byggeår for naustet. År 1919 var utskiftinga på innmarka ferdig. Då stod det eit naust på andre sida av elva. Dette vart så lagt til br. 1 og br.2 overtok det andre naustet frå 1822. På naustlemmen hadde dei tørka høy og lauv. Der hengde dei og fiskegarn.
Dei siste splintane brukte naustet i 1954-55, (Blekksplint)

Båtar

I naustet var det ein firkeiping, ein trekeiping og to færingar. Då det vart for lite plass i naustet vart dei dregne ut og stod der til dei rotna vekk. Me hadde ikkje båt i naustet etter dette.

I notnaustet hadde me ein trekeiping. Denne vart flytta til Haugsvær når nothuset vart seld (truleg same båten som seinare vart send til Amerika, “Sons of Norway” )

Tre- og firkeipingane vart brukt til Fedje for å kjøpa fisk og elles til føring av ved og lauv.
Me hadde to råsegl, no har me berre att det som eg trur dei bruka til firkeipingen.

Me hadde ikkje båt i naustet etter dette, men far Salamon Trodal f.1890, bygde ei ferje til oss. Seinare fekk han hjelp av Sverre Haugsvær f.1908 til å byggja ein robåt (færing) 1922-23.

Olai Solheim bygde ein stor færing – ein nordfjordtype – til oss i 1922-23. Bygginga kosta kr 130. Det vart sett inn stilk og montert motor. Seinare vart det lagt skandekk på han. Den vart mykje brukt som skyssbåt og til sleping av ved og tømmer.

Båtane vart alltid tjørebrede. Etter bruk vart dei mest alltid sett inn att i naustet.
Keipar, årar, tilfar o.l. lagde dei sjølv.

Jekt

Bruka i Trodalen hadde ei lita jekt, men det er lenge sidan.

Skaft og orv

Skaft og orv laga dei sjølv.

Garn

Bestefar var flink og laga og bøta garn. Han lagde auregarn av fin lintråd.

Liner

Bestefar lagde bastliner.

Pale

Palen var viktigaste fiskeslaget.

Aurefiske

Aurefiske starta frå 1914-15

Fiskebeite

Fiskebuken vart brukt som beite

Isforhold

På neset der notbruket stod var det meir isfritt.

Oterfangst

Far fanga ein oter med saks i 1929.

Varebyte

Fedjefolka kom her ein gong for året for å bytta fisk mot bork, materialar og staur.
Me hadde ein familie frå Rongevær som handla og bytte med oss i tre generasjonar.

Kvinner og sjøbruk

Her var det mest bannlyst å ha kvinnfolk med på sjøen. Dei skulle vera heime med rokken.

Sjøklede

Vadmolsklær var vanleg pluss sydvest.

Nista

Graut, potetkaker og raspeball trur eg, men kan ikkje hugsa det.

Kvernhus

Ved elva står eit kvernhus som er felles for begge bruka.

Sagbruk og høvlemaskin

1850-1860 vart sagbruket flytta frå Trysdalselva og hit. Dette var ei oppgangssag og huset er enno slik det var då oppgangssaga var i bruk. Oppe i andre etasje på saga ligg føringane for grinda som sagstokken låg i. Mange av golvborda i denne etasjen er skorne på oppgangssag, det same er det med golvborda på naustlemmen. Oppgangssaga var i bruk fram mot siste århundreskifte. Då bygde dei om frå overvasshjul til sagkall og monterte sirkelsag. Seinare vart det laga ein liten sagbenk i andre høgda. Bestefar var flink å vedlikehalde sagblada. Dei konstruerte også ei høvlemaskin som vart driven frå sagakselen. Den tida saga var felles (fram til 1920) arbeidde eigarane saman og skar kvar sin stokk. Frå 1920 overtok så bruk nr. 2 saga. Eigaren av bruk nr. 1 bygde ny sag på nausttomta på andre sida av elva. Denne er no nedriven. Det same med naustet som kårmannen på bruk nr. 2 hadde.

Vegbygging

Bestefar føreslo vegbygging langs brattaste hamrane inn til Matre på midten av 1800-talet. Han føreslo at dei skulle stå på isen og slå inn liggjara i fjellet. Desse skulle dei setja inn jernstenger i og leggja tredekke oppå. Han skulle skaffa tremateriale. Det vart snakka om dette, men ingenting kom ut av det.-