Trodalsferja

Klikk på bilete for større format

Klikk opp større bilete av Trodalsferja versjon 1

Ferja er bygd av Malfred Trodal i 1938. (Sjå intervju med Olav Trodal).
Det er eit rom i ferja utanom bakrommet og framrommet.

Olav Trodal fortel at ferjene vart brukte til å ro på butikken med, fiska, setja garn, og andre småærend. Dei kunne og brukast til å føra ved med.

Klikk opp større bilete av Trodalsferja versjon 2

Botnborda i bakrommet i ferja er forsterka(reparert?) med to smale bord som er klinka til dei underliggjande botnborda.

Elles ser ein at gavlen bak er bygd slik ein oftast finn i ferjene med eit breitt bord pluss eit smalt oppå toppen

Klikk opp større bilete av Trodalsferja versjon 3

Flatkeip med tollepinne.
Det er sett på ekstra slitestykke(årelappe) av eik på keipen for at ikkje åra skal slita seg ned i keipen. Årelappen er festa med trenaglar til keipen. Keipen står på æsinga som er festa heilt oppe på innsida av øvste bordgang.

Klikk opp større bilete av Trodalsferja versjon 4

Det er to band og ein bækk i ferja. Nærmast på bilete ser me frambandet med bækk(tverrstivar) av liknande type som ein finn i gamle masfjordbåtar.

Klikk opp større bilete av Trodalsferja versjon 5

Bakbandet går mest heilt oppunder æsinga og er skøytt saman av tre korte band.

Klikk opp større bilete av Trodalsferja versjon 6

Bakgavlen er festa til kjølbord, botnbord og sidebord.
Ferja er bygd på eit underliggjande kjølbord. I flukt med kantane av kjølbordet er det spikra på slitelister for at ferja skal vera lett å dra inn og ut av naustet. Eit anna poeng med slitelistene er at dei sparar kjølbordet for slitasje.

Klikk opp større bilete av Trodalsferja versjon 7

Framgavlen, som er noko smalare enn bakgavlen, består av eit breitt bord pluss ei smal list(slitestykke) på toppen. Det er festa ein jarnring med kjetting oppe i gavlen. Kjettingen vert brukt til å fortøya/festa ferja.

Her ser ein tydeleg undersida av ferja med kjølbord, slitelister, og fire bordgangar.

Tekst og foto: Arne Høyland