«Materialferja»
Klikk på bilete for større format
Totlandsdalsferja vart brukt til materialtransport av ein reimskivefabrikk nede ved sjøen i Andvikgrenda.
Ferja er av dei største som er registrert og er 525 cm lang og 190 cm breid oppe på midten.
Ferja er bygd av Erik Totlandsdal i byrjinga av 1900-talet. Ho er klinkbygd med underliggjande kjølbord som det er festa to slitelister til.
Gavlen bak som ein ser litt av på dette bilete, er samansett av fem smale bord.
Det er sett på ei langsgåande list på banda under keipane. Desse listene vart brukt til å leggja toftene på.
Det er ikkje bækkar i ferja. Det gjer at ein kan lasta lange materiallengdar heilt frå botn og opp. Ferja har såleis uvanleg stor lastekapasitet.
Oppe på toppen av øvste bordgang er det sett på ei æsing som tollegangen er festa på.
Det er kraftige band som er brukt i innveden og mange av dei går med band skøytt på nesten heilt til topps i bordgangen.
Det er berre eit botnband i ferja som ikkje er skøytt og det er bandet som står like bak framgavlen. Ein ser og av bilete at overkanten på øvste bordgang er «trekt» med eit plastrøyr. Det er gjort i nyare tid for å kunna bruka ferja ved kasting og draging av not.
Tekst og foto: Arne Høyland