Intervju med Olav

Sleire 1992
Informant: Olav Sleire f. 1930.
Registrator: Arne Høyland

Båtbruk – firkeiping

-Firkeipingen som ligg i Olav Sleire sitt naust på Frøyset er bygd av Isak Andreas Basteson Elvik, fødd Kallhovde 1857. Isak vart gift på Elvik og tok då i bruk Elvik som etternamn.

Isak bygde mange båtar.
Bestefar til Olav Sleire kjøpte firkeipingen av Isak Elvik rundt 1912, men då var ikkje båten ny. Dei på Sleire brukte båten til ulikt:
– til kyrkjereis (til Sandnes)
– til å løypa ved og material (fløta)
– henta tang i Litlefagervika
– Føra sjelsand frå Rauneholmen
– Skuleskyss, femten-seksten born pluss læraren rodde i Hogsøya.

Ferjebruk

Olav Sleire har naust og ferje oppi eit vatn. Ferja vart bygd i 1940 av Kristoffer Kås Daae Frøyset (f. 1912). Gunnar Fredriksen (f. 1913) var med. Den som høvla borda til ferja var eg og bror min Leif. Eg var da 9 år gamald og bror min var 10 år.
Ferja vart m.a. nytta
– som stølsferje,d.v.s. dei frakta kjørl og folk og mjølkeprodukt.
– til å føra lyng og høy til frå utmarka
– til å føra ris, ved og sprake
– løyping (slepa tømmer og ved)

Varebyte

Folk frå Austrheim og Fedje kom til Sleire og hadde med seg sild, torsk og lyr og fekk bytta til seg ved, bork og never

Fiske

Det einaste fiske folka på Sleire dreiv, var fiske etter sjøaure i Sleirevatnet. Dei fiska med garn og dorg. Der hadde dei fiskekjær frå gamalt, i Kjærhola på Kjærdalsida i Frøysetelva.-