Klikk på bileta for større format
Ferja på Store-Sleire er ei sterkbygd stor ferje som er målt til å vera 450 cm lang. Ho er bygd i slutten av 1930-åra av Kristoffer Daae og han hadde med seg Gunnar Fredriksen som hjelpesmann. Informant og ferjeeigar Olav Sleire f. 1930, fortel at han og broren sprang rundt som smågutar og såg på då ferja vart bygd.
Ferja er svært komplett og er ei av dei få som er registrert med tiljer i. Olav seier at det var vanleg å bruka tiljer av denne typen i ferjene her. Det spesielle med desse tiljene er at fjølene i dei ligg i lengderetninga av ferja pluss at det er ein liten opning mellom fjølene i kvar tilje.
Når ein tek ut tiljene i ferja ser ein godt innveden som bordgangane er festa til. Det er seks heile botnaband og to bækkar av tradisjonell type. Olav Sleire fortel at emne til band og bekkjer vart teken av grove furugreiner som hadde høveleg fasong. Minste dimensjon av greinemne til innved måtte vera 3 tommar.
På nærmaste langbækkjen på bilete ser ein spor etter kvistane som har stått oppetter furstammen. Kneet til høgre på bækkjen som står oppetter dei to øvste bordgangane har då vore ei høveleg grein som har vakse ut frå furustammen.
Ferja har m.a. vore brukt i vatnet ovanfor Store-Sleire til å flåta tømmer og føra ved med.
Framgavlen i ferja er av eit bordemne.
Elles er den klinkbygde konstruksjonen god å lesa på dette bilete.
Går ein nærmare inn på bordgangane og ser på årringane i endeveden, ser ein at bordgangane ligg med mergsida inn.
Olav fortel at dei gamle var nøyen på nettopp dette når dei bygde båtar og ferjer.
Tekst og foto: Arne Høyland