Risnesferja

Klikk på bileta for større format

Klikk opp større bilete av Risnesferja eller "hestaferjo" som den også vart kalla

Denne store ferja vert lokalt kalla for «hestaferjo» og ho høyrde til på bruket til Eirik Riisnes. Han gav ferja til Masfjorden kommune si båtsamling på Sandnes. Ferja vart m.a. brukt til å føra hestar over Risnessundet før det kom bru.

Ferja er 603 cm lang

Klikk opp større format av Risnesferja versjon 2

I alt er det 12 botnband i ferja, 6 av dei er heile band og 6 er skøytte.

Det er to bækkar i ferja og dei er plassert over banda i ro-rommet.

Ferja skal vera bygd rundt 1900 og hovudansvarleg for byggverket er Johan Dragøy.

Klikk opp større format av Risnesferja versjon 3

Bækkane er pryda med pyntestrekar slik ein og ser det i dei gamle masfjordbåtane.

Klikk opp større format av Risnesferja versjon 4

Den kvistfrie og fine veden i bækkleisten kan tyder på at dei her har henta emnet frå rot og stamme.

Klikk opp større bilete av Risnesferja versjon 5

Det er sjeldan det vert brukt band i botn ved gavlane. Men i denne store ferja er det brukt eit kraftig band i bakgavlen. Bandet er skøytt saman av tre delar. Me ser og at bakgavlen er sett saman av eit breitt bord nederst og eit smalare på toppen. Ein ser og av dei små understøttarane(listene) som ligg inntil bandet på nest øveste bordgangen, at dei har kunne lagt ei tofte bak i gavlen.

Klikk opp større bilete av Risnesferja versjon 6

Oppe i hjørna framme i gavlen er det sett inn små kne som skal binda gavlen og øvste bordgangen saman. Desse vinklane kan og ha vore brukt som handtak når ferja skulle dragast inn og ut or naustet.

Klikk opp større bilete av Risnesferja versjon 7

Botn under framgavlen.
Dei fem bordgangane i ferja er bygd opp på eit overliggjande kjølbord. Slitelistene er spikra langs etter sua mellom kjølbordet og fyrste bordgangen.

Klikk opp større bilete av Risnesferja versjon 8

Dei to tollegangane er festa på innsida av øvste bordgang.
Det er sett på ei ekstra fjøl/foring mellom keipen og øvste bordet for at festet skal verta stødig.
Denne tollegangen er festa med to trenaglar. På bilete ser me den eine trenaglen som er avretta. Det ser og ut som det er slått inn to spikrar for å styrkja festet av tollegangen. Det kan vera gjort seinare. Det ser ut til å vera brukt eik som emne til tollegang.

Tekst og foto Arne Høyland