Mollandsferja 2

“Føringsferja”

Klikk opp større biletet

Det er tre botnband i Mollandsferja 2

Det er tre botnband i ferja. To av dei er i heilo medan det framste bandet (nærmast på bilete) er skøytt på styrbord side. Over dei to bakarste banda er det bækkar av tradisjonell type. Listene som er spikra til band og bækkar og som går oppe langs etter båtsida, ser ut til primært å ha den funksjon å stø under for toftene. Same løysinga som på Totlandsdalsferja.

Klikk opp større bilete av Mollandsferja 2


Det er sett på æsing oppe på innsida av øvste bordgang. Keipen som er ein flatkeip med tolle står oppå æsinga og øvste bordgangen.

Klikk opp større bilete, hjørnekantane oppe i framgavlen på Mollandsferja 2

Hjørnekantane oppe i framgavlen er bunde saman til æsinga med små kne. Knea kan og ha vore brukt som handtak når ferja vart flytta eller drege på land, jamfør Sleireferja. I botn ligg det eit breitt overliggjande kjølbord.

Framgavl og botten under ferja.

Framgavl og botten under ferja.
Ferja er bygd på eit overliggjande kjølbord. Under kjølbordet er det klinka på eit breitt bord som fluktar med fyrste bordgangen i botn.
Dei tynne slitelistene(draga) er festa der fyrste bordgangen tek til. Det er i alt fem bordgangar i ferja.

Tekst og foto: Arne Høyland