Matresøy høyrer til garden Litle Matre og ligg innerst i Masfjorden. Her har dei brukt både ferjer og båtar. Små ferjer vart brukt ved småærend og småarbeid i nærområdet rundt øya medan båtane vart brukt ved lengre turar og større føringar.
Klikk på bileta for større format
På Matresøy hadde dei og ei spesiell ferje som dei kalla for beisteferja som vart brukt til å transportera dyr(kyr) mellom øya og fastlandet.
Ferja vart bygd på Matresøy i 1934 av Mons H Matre som dreiv eit småbruk på øya.
Meir om båt-og ferjebruk i intervjuet.
Tekst og foto: Arne Høyland