Intervju med Magnus

Intervju – Hosteland 29.06.93

Dokumentasjon: Vibeke Prestmo Valestrand og Gunnar Svein Haugsvær

Informant: Magnus Midtbø f. 1914

Båtane

-Magnus Midtbø hadde sjølv ein gammal Nordfjording. Den var lett å ro, men rodde i isen og vart øydelagt. Han har no ein oselvar i naustet.

Magnus meiner at færingen i naustet på Hosteland (eigar H.Matre) kjem frå Nordfjord. Gamle Jonassen Brøgger kjøpte den i Nordfjord.

-“Jakopen”, båten er bygd i Masfjorden av Martinus Holsøy, seier Martinus.

“Storabåten” eller “Fykaren”
-Bakstamn og mast som ligg i naustet kan ha høyrd til “Storabåten” eller “Fykaren” som han vart kalla. Han var svær å segla. Den førte kyrne inn til Matre, dei støla i Bukkedalane. Ein dryg tur med budskap og budeier. Det kunne gå heile dagen. Båten var så stor at han så vidt gjekk inn i naustet.

Notbåt/notbruk.
Nymark og Brøggeren hadde eit lite notelag. Der var to nøter til makrell og sild. Me brukte storabåten og dreiv det godt. “Jakopen” vart brukt som småbåt.

Kyrkjebåt.
Store båtar på Hosteland vart brukt som kyrkjebåt til Sandnes. Det var såpass mange i båten at dei skifta på å ro. Kvinnfolka rodde og. Dei skifta klede i eit naust på Sandnes. Naustet som no er borte, stod ved Emanuel Sandnes sitt naust. Dei hadde finkleda med seg.

Balenaustet

Faren til Fuse på saga reiste naustet. (Balenaustet)
Båten i naustet har vore Erik Nørland sin båt. Den kjem frå Nordland, er ein oselvartype og liknar på ein Totlandsbåt.