Intervju med Jon

 
Intervju – Hosteland 29.06.93
 
Dokumentasjon:Vibeke Prestmo Valestrand og Gunnar Svein Haugsvær
 
Informant: Jon Høsteland f. 1925

Naustet

-Naustet er “haugamalt”, bygd på plassen før bestefar si tid.
Nausta vart ikkje brukt til å turka fisk. Fisken vart teken heim.
Bestefar frå Kvamsdalen hadde slakteplass i naustet til Magne. Han henta sau frå Sunnfjord, fekk dei i båt over Sognefjorden til Brekke og vidare til Hosteland. Han slakta dei i naustet og tok sjølv rutebåten til byen med kjøtet.

Båtane

Trekeipingen

Me kalla han for seksæringen. Denne båten kjem frå Sunnsbø på Lindås. Bestemor er der frå. Båten er eldre enn 1874, dei meiner han var gamal då. Han kan vere bygd i Masfjorden. Sagnet seier at han har kryssa fjorden mange gonger. Trekeipigen var lett å ro, det var råsegl til han. Den vart brukt til kyrkjebåt og til materialføring til saga. Bestefar reiste til Fedje med han og fiska sei, eit par tynner sei om hausten. Det var høge stamnar på trekeipingen før eg kappa dei av. Eg kappa og av bakparten og sette ein påhengs på.

Færingane

Den andre båten i naustet – færingen – er nord i frå Gulen. Det er Harald Kjellbu som bur på Sleire som eig han. Eg trur det er ein nordfjording.
 
Eg hadde ein færing med sprisegl og segla til Knarvik under krigen. Det var hardt. Eg måtte ta ned storseglet og segla på fokka. Eg hadde vore med på å segla på sundagane så eg visste kva eg skulle gjere. Færingen var sikkert bygd i Masfjorden. Han er dessverre borte no fordi den gjekk på ei båra her ute. Min færing var malt. Dei tok til å mala båtane under/etter krigen, det var lettare å halda reint. Tjæra var noko svineri så dei slutta med det.
 
Båtane låg ikkje ute. Så snart ein var ferdig med fiske var det å ta båten inn. Ein tok ikkje båten inn viss ein var ute fleire dagar etter kvarandre.

Storebåten (“Jonasjekta”)

Storebåten var ikkje så svært stor. Me kalla han Jonasjekta, det var ei råsegljekt med hytte. Utstyret til båten låg i bua. Det låg ei bu framom naustet før. Steinen som låg i fjøra der bua stod er frå alle kantar, båten hadde steinane som ballast når han kom tilbake frå turane sine. Båten var borte før mi tid. Gamle Jonas tok ved til byen og boss til gjødsel heim att.

Barkeplass

Det er ingen barkeplass på Hosteland som eg kan minnast, men i bygdehistoria har dei alltid ein barkeplass.

Tjærebreiing

Når dei tjærebreidde båtane rigga dei seg til i fjøra med stein og tjæregryte. Dei tok båtane ut på ludnane.

Notbruk

Bestefar var den siste notbasen på Hosteland. Han døde nokre daga før eg var fødd. Nothuset låg utom han Leonard.

Nothenjer, vadleplass

Det var to notheng. Den eine på holmen Kvalen utafor saga der Nordingane, Nymarkane, hadde notheng. På Notholmen i Kjelsundet var det ei notheng for heile notlaget. Her var ein svær felles vadleplass for Hosteland.

Vedneset(Sjå Notbruk)

Neset der nothuset låg heiter Vedneset, og i eldre tider lasta dei ved der. Lagra han før dei drog til byn med han.

Vadleplass

Me hadde ein vadleplass der me tørka garn.

Sag

Nesten alle plassar der det var ei elv, var det ei sag. Ho er nylaga den saga som er her no, har ingen ting med vatn å gjera. Gamle saga på Hosteland låg i strandhaugen. Ovanfor var det fire kvernhus. Det var eit voldsomt miljø der då det var i orden. Det var mange inskripsjonar i kvernhusa, så dei hadde god tid.

Sjøarbeid

Eg var på sjøarbeid nokre få vintrar. I Skånevik og Haugesund.

Fiske

Fisket no er palefiske. Før kasta me etter aure i vatnet, kasta to gagn. Eg huska eg hadde full bøtte fyrste kvelden. Sjøauren går opp elva som går opp i Austvågen.

Varebyte

Me hadde nokre folk uti øyane i Austrheim som me bytte vare med. Dei fekk material, hunbord og skårne bord, medan me fekk tørka pal. Det var dei same som kom att frå Krossøyne og Långøyne. Lenger inne i fjorden bytte dei bork. Eg leverte material til Bjørndalstreet til ein båtbyggjar der.

Attåt-for

Lyng

I Hostelandsosen kappa me lyng i mars-april.

Logging

I mai logga me (tok lauv av trea) .Det vart mange bører for dagen og mykje arbeid.

Tang

Tang tok me som oftast om våren. Me skar tang og blanda han med vatn i ein kasse med mange hol slik at vatnet rann ut. Tangen vart heilt grøn. Me blanda tangen med mjøl som kyrene åt og det hende me hadde lyng i lag med tangen.

Ålegras

Ålegras fann me og i fjøra. Me hadde ålegras i senga (det skulle halda loppa vekke.)

Lunnane

Det vart brukt osp til lunnar. Isen braut laus lunnane, det var ei plage.

Fiskeutstyr

Sula

Når me fiska brukte me sula med søkkje. Våre var laga av heil ved, ikkje fjøl.

Garnsøkkje

Til garnsøkke brukte me kleberstein.

Notenål

Eg hadde ei notenål av messing etter bestefar.

River, ljåar, kiper, vidjer m.m.

Reiskapen på garden som rive og ljå laga me sjølv. Kipene kjøpte me.
Viebanda på båten vrei me sjølv. Tok barken av først og så skulle det vere ein jamn vri heile vegen. Dei vart sterkare di betre dei vart vridd. Ufatteleg kor godt dei heldt.

Skinn-barking

Han Erik i Lia dreiv med barking av skinn. Under krigen barka han ei oksehud for oss som me laga sko av. Det vart fine sko av skinnet, men dei måtte vere litt våte for å kunne bruke dei, elles var dei for harde.-