Intervju med Henrik Leif

Intervju – Hosteland 22.06.93

Dokumentasjon: Vibeke Prestmo Valestrand og Gunnar Svein Haugsvær

Informant: Henrik Leif Wergeland Hosteland f. 1907

Informanten har vore styrmann og reist mykje til sjøs. Han var på skuleskipet i 1925.

Båtane

a) -Færingen er bygd i Masfjorden av Torvald Elvik om lag 1910. Henrik kjøpte båten brukt og då var han halvsliten, no er han fullstendig vrak, lek etter heile samanføyinga. Elviksbåten rusta og borda løsna. Den har ikkje vore i bruk på årevis og er ei blanding av “hummar og kanari”. Den likna på strandebarmaren, elles er han noko for seg sjølv.

b)Nordlandsbåt/Bindalsbåt.
Den har høyrt til soknepresten i Masfjorden, Sigurd Berg (1920-25). Henrik kjøpte båten og anna utstyr som hadde høyrt til presten. Båten var vanskeleg å ro. Den ville berre gå rett fram. Konstruksjonen var stiv slik at me måtte ro ekstra for å svinga. Den var fin når den var i orden. No har den rotna og det går hol i han.

c)Oselvar
Båten er kjøpt rundt 1949 av ein kar han var på fiske med. Eg hadde bruk for båt på denne tida og fekk den sendt hit. Den er nesten ny og fin i bordgangane. Det er ein stasbåt som er brukt i særskilde høve. Spriseglet var det mest alminnelege brukte her omkring.

Trekeipingen

Me hadde ein trekeiping i naustet. Gamle Ivar som reiste bruket, Ivar Guttormsen, skaffa seg båt oppe i frå Nordfjord. Båten rusta, datt saman og eksisterer ikkje meir. Far kutta bakstamnen og sette på ein påhengsmotor til privat køyring. Båten var nær sagt uerstatteleg.

Om båtane til H. Matre (naust e) – Storebåten

Brøggerane dreiv gardane sine annleis. Jona Brygg (Brøgger) var rekna for ein kakse. Han var ein drivande kar og likte at folk la merkje til han. Storbåten vart sett inn om hausten og stod til neste vår. Han reiste til byen etter gjødsel med denne, to turar om våren. Det vart lasta ein 20 tonn elle eller noko slikt med byskit. Båten var 30 fot skulle ein tru og sterkbygd som fyllte heile naustet. Naustet var bygd for å ta han inn og ikkje meir. Eg tvila på at båten var bygd her i fjorden.

Færingen

Eg hugsa at Brøggerane hadde ein færing før “Jakopen”. Det var ein eineståande god båt, nesten uslåeleg med segl og smatt forbi alt som var på sjøen. Eg trur han var bygd i Andvik av Erik Totlandsdal, som var litt av ein kunstnar. Dei hadde båten i mange år, så bytte dei han ut med gamle “Jakopen”. Det hende me var ute å kryssa på sjøen, men ingen andre båtar kunne ta han. Me brukte ikkje råsegl då dei hadde han her.

Råsegl

Brøggeren hadde råsegl, me lånte råseglet til vår eigen seksæring. Seks mann køyrde over fjorden til Lindås. Dei skulle høyra på eit politisk foredrag om stortingsvalet. Eg var berre 10 år, nesten ingen som visste om meg. På tilbakereisa bles det opp til stiv kuling og me måtte innom Dyrøy for å komma i le. Båten gjekk så raskt at me måtte stoppe, komme i le og ro vidare.

Kvernhus

Eit gamal kvernhus ligg ute i eit vassdrag. Der er det laga figurar på døra, skulle nesten tru det var forhistorisk. Det er jekta med råsegl og skore inn med kniv. Kvernhuset er forholdsvis presentabelt, reparert og sett i stand. Så seint som i 1930 var der tre kvernhus.-