Fire bordgangar. Fyrste bordgangen er klinka til kjølen. Andre og tredje bordgang er klinka saman. Tredje og fjerde bordgang og æsinga er festa til kvarandre med trenaglar.
Oppe på innsida av øvste bordet er det fora på eit smalt bord, “ripestø”, som avstivar og styrker bordet og gjev eit kraftigare feste for keipen.
Keipen ligg på innsida av øvste bordgangen og er festa med naglar som går
gjennom båtbordet og ripestø.Keipen kviler ned på æsinga på to naglar(sneller).