Intervju med Martin

Informant: Martin Larsson Solheim, f. 1910

Registrator: Gunnar Svein Haugsvær

Fraktefart

Far til Martin heitte Lars Endreson Totlandsdal og fekk bygsla Solheimsøy under br.1 i 1910. Martin fekk kjøpa denne delen av Solheimsøy i 1039 og bruket fekk då nr.9. Lars dreiv ei tid ei seglskøyte “Allegro”. Med denne frakta han varer og dyr til og frå Bergen og nordover til Sogn.

Notlag og skomakar

Seinare hadde Lars part i notlaget på Solheim og var ei tid skomakar.

Båtar, naust og nothus

Martin fortel dette om båtar og naust:
-Motorbåten “Otra” vart bygd i naustet på Solheim av Olai Solheim, Kristian Solheim og Erik Askeland. Etter at dei hadde bygd skroget inne i naustet, sette dei båten ut, bygde dekk og kahytt og monterte motor. Dette var den første båten til det siste notbruket på Solheim. Det første bruket med nothus på Småsundet og skøyta “Norden” vart seld til Fanebust. (“Norden” var ei svenskeskøyte)
Nothuset som no står i sundet vart vart sett opp i 1919. (Truleg var “Otra” bygd om lag på denne tida) Oali Solheim og Erik Askeland bygde ein rogavel til dette bruket, den vart kjøpt av Johannes Vågseth om lag 1960. Magnus Halsøy sette inn ein 5-9 hk Sabb semidiesel i han om lag 1961. Båten vart seinare seld til Pal Vik i Kjelstraumen. Notlaget hadde og ein rogavel dei kalla Per Gynt.

Nothuset på Flea br.8, vart sett opp i 1925. Dei kjøpte eit gamalt naust i Trodal som vart reve ned, frakta hit og sett oppatt her.

Naustet på Solheimsøy, br.9 vart bygd av Fuse på saga (Kvamme?). Naustet vart øydelag av ein nordveststorm i 1919. Olai Solheim bygde det oppatt i 1920. Dei brukte då delar av det gamle naustet.

Folket på Solheimsøy måtte bruka båt både til handelsmann, skule, post og arbeid. Dei sette difor fram krav om at dei måtte få fråtrekk i skatten for båtbruk, men det var ikkje enkelt å vinna fram med dette kravet. Først frå 1939-40 vart det ordna.-

Saga på Solheim

Saga vart bygd før Martin si tid men :”saga var ikkje så gamal då eg gjekk i skulen”, seier Martin. Saga var mykje brukt(godt med vatn) fram til Solheim Båtbyggjeri fekk sagbruk ca 1944. Saga vart restaurert om lag 1960 av Hjalmar Tverberg og vart brukt ein del av han. Men no er røyrgata delvis øydelagt. Det er også laga til vassinntak for drikkevatn frå elva til felles vassverk, difor kan ein ikkje nytta stemma i vatnet.

Solheim båtbyggeri

Ingolf Solheim og Reidar Kvamsdal starta båtbyggeriet her i 1943.
Drivkraft til sag, bandsag og høvel fekk dei frå ein gamal båtmotor som vart skifta ut frå skøyta “Delfin”. (Notlaget på Sandnes si skøyte)Motoren var av merket Advanse. Båtbyggeriet bygde mest robåtar og ferjer men også nokre snekker på 22-24 fot. Elles dreiv dei og med reparasjonar på større båtar. Den første ferja Ingolf bygde etter han hadde vore på Fitjar i lære, kjøpte Martin, men då ho var for lita til han, selde han denne til Magnus Skuggedal som brukte ho i Kallhovdavatnet. Dei dreiv dette båtbyggeriet fram til 1953, då byrja dei i arbeid hjå BKK på Matre.

Ingolf Solheim var i båtbyggjarlære hjå Jakob Breisnes på Fitjar. Jakob Breisnes var på Solheimsøy og bygde ein færing til Martin L Solheim i 1941.

Litt om Olina Solheim, kona til Martin

Olina Solheim f.1908 på Vågset bruk 1, gift med Martin Larson Solheim, var lite med på sjøen heime på Vågset, men etter at ho kom til Solheimøya i 1938 var ho mykje med på tangskjæring og heimefiske både i båt og på isen.

Skuleskyss og meinis

-Dei måtte også skyssa ungane til og frå Solheim kvar dag til skule, til dei kunne senda dei aleine.Verst var det når det var meinis på fjorden, då kunne det vera vanskeleg å koma fram med båt. Dette endra seg mykje etter at kraftstasjonen på Matre kom i gang. Det varme vatnet frå denne heldt fjorden om lag isfri utanfor øya.-