Areklett ligg på nordsida av Fensfjorden ved innløpet til Masfjorden. Nærmast i bakgrunnen ser med garden Kvamme og Kvamsholmen. Naustet lengst til høgre har fått eit lite tilbygg der den gamle firkeipingen står. Opprinneleg sto båten i eit naust lenger sør på garden.
Mellom naustet og sjøen ligg lunngrinda der ein dreg inn og ut båtane. Tett ved sida av naustet står ei lita sjobu. Her kunne dei ha fiskereiskapar og liknande. Bygningen lengst til venstre vert kalla nothuset. Det vart brukt til å oppbevara og tørka små kastegarn,nøt og det som elles høyrde til dette bruket. Den lange steinbryggja som stikk eit stykkje ut i sjøen fungerer og som ein liten molo.