Intervju – Areklett

Intervju 02.07.92

Informant: Ivar Jakobsen Areklett 1905 – 1998
Dokumentasjon: Arne Høyland

Båtbygging

-Han oldefar, Jakob Areklett, bygde ein færing som han far brukte. Seinare vart han seld til Jordal. Eg selde til han som styrde med båtane her tidlegare, og var matros.
Eg har bygd om lag 40 robåtar, trebordingar.

Firkeipingen

Firkeipingen er bygd i Andvik av “Erik i Smehåjen”. Han er bygd før 1875 for det året brukte han bestefar og ho besta båten til å koma seg til byen å kjøpa inn til bryllaup.
Båten vart også brukt til å føra sauer på. Førde opptil 18 sauer pluss nokre lam.
Dei førde og fanabeist/kyrabeist med firkeipingen og for til Matre, Haugsvær og Vågset.
Firkeipingen var og brukt til byreise. På heimvegen var dei innom “Smørslikko”, ein stad ved Mongstad, der dei slikte i seg smør-restane i ambrane.
Dei førde også materialar på han. Difor er det støtter (sneller) på frambækken og bakbækken, så ikkje tyngden av materialane skulle bryta han ned. Denne båten har alltid stått i det sørlege naustet.

Bruk av feringen

Færingen vart brukt når me rodde til handelsmannen og når me var i skogen etter båtbord og ved. Han vart også brukt til fiske. Me brukte og kastegarn og kasta etter makrell og palemort.

Madlauk

Madlauk er eit gras som veks i sjøen.
Dei slo madlauk på fjæra, slo frå båtane, turka det på berget og selde det til byen. Det vart brukt til sengebol. No er dette heilt vekke. Kva som er grunnen veit eg ikkje.

Kyrkjebåt

Til kyrkje brukte me færingen, me segla viss det var vær til det.

Ro i skodda

Dei rodde i skodda, då hende det at dei kom att der dei hadde starta, dei rodde i ring. Kom eg ut i skodda, så høyrde eg elva og peila etter den.

Kipa

Han far batt kipe. Dei brukte hunen frå fura, kløyvde spilene med kniven og smidde dei. Han smidde i naustet om sommaren og batt om vinteren.

Seglbåten til bestefar

Ivar har ein rorkult som skal ha høyrd til seglbåten til bestefaren. Kan det ha vore til ei masfjordjekt?

Jekt i stølsneset

I 1930 låg det ei gamal jekt i Stølsneset (Frøyset)

Jekteskipparar på Haugsvær

På Haugsvær inne i fjorden budde han Erik på Bue. Han hadde ei jekt og var jekteskippar.
Budde han i kjellaren hjå Gunnar Haugsvær?

Lyng

Dei var ute i Dyrøy å skar lyng.

Floting av tømmer

Dei flota tømmer. Av og til landdrog dei. Da slepte dei flåten frå nes til nes. Flåten vart slep utpå med færingen, så rodde dei til land og drog flåten i land på neste nes.

Kroka (innved til båt)

Var i Dusenmark og hogg kroka, flota det ut til saga vår.

Eik i Bergsvik (Kjølemne)

For til Bergsvik etter eik der me kjøpte, kappa den og flota den ut att.

Båtaskog

Ivar nemner desse gardane der han har fått materialar til båtbord: Sævråsmarkje, Dusundmarkje og Risnesmarkje

Geit

Me hadde eit par geiter om sommaren så me hadde mjølk til kaffifløyten.

Båtbyte med splinten

Han bestefar hadde to færingar, den eine bytte han med ein splint.

Splint

Reisande folk i båt, selde ymse varer deriblant klokker.
– låg i kjellaren, dei låg natte over og var ei lita stund om dagen.
– splinten overnatta og i naustet. Når gardsfolket kom ned etter at dei var reist, kjende dei “splintalukt” i naustet.

Tørkeplass i naustet

Streng under taksperrene der dei tørka sild.-