Firkeipingen på dette bilete er bygd før 1875 av Erik Johanneson Andvik (1810-1893) eller «Erik i Smihåjen» som dei seier. Frå stamn til stamn måler båten 745 cm. Ivar Areklett har fortald litt om båtbruken: «Dei førde kyrabeist med firkeipinjen, rodde til Matre, Haugsvær og Vågset. Firkeipinjen var og brukt til byreise. På heimvegen pleidde dei stoppa i nærleiken av Mongstad på ein stad som heite Smørslikko, og då sleikte dei i seg siste restane tå smøret som var att i smørambrane.
Til kirkjo på Sandnes, brukte me færinga, sigla dersom det var bør til det. Viss eg kom ut i skådda, so høyrde eg elve og peilte ette ho. Dei var ute i Dyrøyne og skar lyng. Lyngen vart brukt som for til dyra. Dei flåta tømmer. Slepte tømmeret med færingen eller stunno landrog dei. Var og i Dusenmarkje og hogde kroka og flåta det ut til saga vår.»
Båten sett frå framskuta mot bakskuta.
Detalj av band og bækkar i framskuta og framrom. Merk snella/støtta mellom bandet og bækken. Dette er ikkje vanleg å finna på Nordhordlandsbåtane, medan det er mykje brukt på båtane lenger nord t.d. i Sunnfjord og Nordfjord.
Detalj frå band og bækk i bakrommet og bakskuta.
Bilete teke frå framskuta mot midten.
Innvendig midt i båten.
Båtbyggjaren set sitt preg på keipen gjennom fasong og dekor. Det er to variantar av keipar på denne båten. Den eine ser me på bilete ovanfor, den andre på neste side.
Denne keiptypen er m.a. registrert i ein del av ferjene på Molland.
Lista (ripestø) har ein spesiell fasong og dekor i endane og kan vera karakteristisk for båt-byggjaren Erik Johanneson Andvik (1810 – 1893).
Profil av framstamnen.
Framstamnen sett beint
imot frå utsida.
Halsane ved innløpet framme under båten, har ein fasong som er forma til med øks. Det gjer at halsane vert sterke og kan få ein fasong (hydrodynamisk) som svelgjer unna vatnet og gjer båten lettrodd.
Styrestonga til firkeipingen. På bilete ser me to av feltarbeidararne frå Nordbygda skule som hjalp til med å fotografera båten og landskapet på Areklett.
Styregreiene er samansett av to delar, ein kort(sveiva) som går inn på roret og ein lang (styrestong) som vert brukt til å styra med. Dei to delane vert halde saman med ein trenagle.