Intervju med Einar

Intervju 15.07.93

Dokumentasjon: Vibeke Prestmo Valestrand
Informant: Einar Jonson Andvik f. 1919

Naust og båtar

-Trekeipingen i naustet vårt har Johannes Andvik bygd. Den var brukt til kyrkjebåt og til å føra ved i m.m. Eg hugsar far og bestefar kom seglande med ein tømmerflåte frå Lauvik. Dei hadde då råsegl på båten. Me hadde og ein firkeiping då eg var liten. Den vart seld til Rongevær.

Færingen vår har Andreas Totlandsdal bygd. Det er ein liten treboring som er lett og ro.

Naust og båt ved Storevatnet

Båten i vassnaustet vårt er bygd av bestefar min, Knut Andvik. Båten er over 100 år og vart brukt som stølebåt, og til å føra ved og høy i frå utmarka inn ved vatnet. Nausta ved vatnet er truleg like gamle som gardane.

Rundt 1850 gjekk det ei stor skred der bedehuset no står. Den sopte med seg naust og båtar. Det vart seinare funne levningar etter dette på staden. Det gjekk nokre kalvar i lia der skreda kom. Ho delte seg ovanfor dei, og gjekk i saman at nedanfor. Dei stod midt i skreda som på ein holme. Denne staden vert kalla Holmen den dag i dag.

Aurefiske i elva og vatnet

Oppsitjarane her i Andvik fiska frå gamalt av i fellesskap med garn. Dei fekk mykje fisk som vart pakka og sendt til Bergen og var ei fin attåtnæring. No er fisken for det meste borte. Ein dorgetur på vatnet eller med troa i elva er det fisket som vert drive i dag.

Notlag

Andvik hadde og notlag. Skøyta heitte “Fram” og vart brukt som snurpebåt. Tid om anna var det bra fangst. No er skøyta, notbåtane, nothuset og alt utstyret vekke.

Kvernhuset

Kverna var frå gamalt av mykje brukt. Under krigen vart det dyrka mykje korn. Kverna vart då beslaglagt av lensmannen, men me tok seglet av og mol nattetid. Kvernhuset og kverna står den dag i dag.-