Intervju med Magne

Intervju 16.07.92

Registrator:Arne Høyland
Informant: Magne Johannes Andvik f.1932

Båtar

Her var færing og trekeiping på garden. Det står ein firkeiping i sjøfartsmuseet i Oslo som var bygd her på bruket.

På den gamle færingen er stamntoppane vekke:
– Det var gammaldags med høge stamn, difor skar eg av stamnane på færingen

Råsegl og firkeiping

Råseglet vart brukt til å samla opp “kådne” når me “trekste”.

Fisking

Når dei fiska med snøre, fiska dei djupvassfisk(hyse ) og brukte blåskjel og sild til beite.
Blåskjel vart henta opp av sjøen med ei skrapa og ein pose under. Skjela la me i fjæra frå ein gong til neste.

I Storavatnet sør for garden var det mykje sjøaure opp elva til vatna innom garden. Her vart det drive garnfiske i fellesskap. Kasta i vatnet og landdrog. Dei køyrde hestelass(kjerrer) med fisk som vart pakka i kassar og leverte med rutebåten til Bergen. Dette var ei attåtnæring.
I eldre tider kasta dei “julafisk” på “jyteree”(der auren legg rogna si).

Notlag

Her var stort notlag ei skøyte med motor, ein stor gavlbåt, ein stor spisstemning som heitte Jakoben og to lettbåtar.

Geit

Her var mykje geitedrift, meir eller mindre på alle gardar og bruk. Geiteflorane låg samla på ein stad med geil ut til felles utmark og beite. Geitene gjekk ute heile året, men var inne på kalde vinternetter.

Turking av tøy

Oppetter gråsteinsmurane i løa hesja me høy, utseslått og potetkål. Veggane vart ribba opp med tynne staur. Det turka betre på staur enn på streng.

Ved

Hogg ved, selde og leverte til fartøy.-

Ord og utrykk

Beite (n.): Dorga med trover, brukte bukjen tå auren til beite(agn) når me dorga etter makrell
og pir.

Døbbla (f.): Flytemiddel i enden på garn og liner.

Lø-hes (f.): Hesje på innsida av løveggen.

Staurkrakk(m.): Brukt til å stå på når me hesja potekål og markaslått.

Stø (f.): Lunnane der ein drog båtane inn og ut or naustet.

Varegråtten (m.): Steinmur langs med eine sida av støa.
-“Det var på varegråtten me lende og gjekk på land. Her kunne ein koma i land på all slags flo og fjæra”.