Landskap og sjønaust Midt på bilete ser me naustet som Erik og Johannes Andvik brukte til å byggja båtar i. Andvik nærmast på bilete og til høgre. I midten – bak Ådnekvamsholmen – ligg garden Nordland og lengst til venstre ligg gardane Totland og Totlandsvik. Litt av naustmiljøet i Andvik som ligg like ved elvemunningen. Naustet der m.a. Erik Andvik bygde båtar. Konstruksjonen av naustet er delvis tørrmur i naturstein og grindverk. Lunngrind. Det er lagt ned stokka mellom naustet og sjøen der ein dreg inn og ut båtane. Dette vert av sume kalla for ei lunngrind. Det er det brukt osp i ludnane,slik ein oftast finn det i Nordhordland. På bilete ser me trekeipingen står på lunngrinda Naustet frå ein annan vinkel. Detalj av grindkonstruksjonen. Materialane er av furu. Tekst og foto: Arne Høyland