Kopibygging av ein trekeipa råseglbåt (Masfjordbåt) frå Andvik

Trekeipa råseglbåt(Masfjordbåt) frå Andvik
Trekeipa råseglbåt(Masfjordbåt) frå Andvik

Vinteren 2012 vart det teke ut materialar til bygging av ein råseglbåt frå Masfjorden. Båten som det skal byggjast kopi av, står utstilt i nothuset på Sandnes i Masfjorden, der Masfjorden båt- og sjøbruksamling held hus.

Arbeidet med å finna båt-materialar, hogga, kvista, ta ut innved og saging av båtbord vart gjort i løpet av vinteren og våren 2012.

Dersom alt går etter planen med finansiering, skal båten byggjast i nothuset på Sandnes sumaren 2013 og det vert mogleg for lokalbefolkning og tilreisande å fylgja med på byggjeprosessen. Den vil også bli ein del av kommunen sitt sommarsceneprogram.

Båtbyggjarane Bjørn Ådne Kvalvik frå Fedje og Halgeir Bjørnevik frå Os og Rune Langhelle frå Krossleitet i Masfjorden, har stått for skogsarbeidet og Henning Skuggedal har skore materialane på sag på Krossleitet i Masfjorden der dei også er lagra og ligg til tørking.

Arne Høyland har fungert som prosjektleiar, har skreve rapportar, dokumentert med video og foto, og redigert denne filmsnutten som du kan sjå på www.youtube.com.

Tidlegare artikkel om kopibygginga og fleire detaljar på www.batsamling.no/hovudsida

—–

Tekst og foto: Arne Høyland