MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 14.05.09 -

Dokumentasjonsmetode

 

MÅTEN REGISTRERINGANE VART GJORT PÅ
Hordaland fylkeskommune og Norsk Handverksutvikling utforma ein spesiell registreringsmåte med diverse skjema som skulle brukast og fyllast ut under registreringane. I tillegg til det, laga eg ei spørjeliste til bruk ved intervju, om tradisjonell ressursbruk, bruken av landskapet, om båt- og sjøbruket m.m. Deretter vart eigarar av båtar, naust, nothus og liknande kontakta pr. brev med spørsmål om å få snakka med dei og registrera gamle bygningar, båtar og reiskapar i sjøbruksmiljøet.

 

Etter kvart som registreringane skreid fram og ein nærma seg lokalitetane til dei einskilde eigarane, vart dei kontakta pr. telefon og det vart gjort avtale om tidspunkt for registrering. Under sjølve registreringa vart bygningar og båtar målte opp og fotograferte. I tillegg til det vart det teikna skisser av ute- og innemiljø og skrive lister over gamalt fiskeutstyr m.m. Til slutt vart det gjort intervju med eigar eller ein eldre lokalkjend person. Dokumentasjonen vart levert inn til Fylkeskonservatoren i Hordaland der materialet vart lagra og arkivert.

 

KVEN HAR DOKUMENTERT
Starten på desse registreringane kom i 1991 då eg gjorde ei registrering av gamle notbåtar for Austrheim kommune. Med bakgrunn i dette materialet starta Hordaland Fylkeskommune og Norsk Handverksutvikling opp med liknande registreringar i 1992, det som seinare vart heitande Båt- og sjøbruksregistreringane i Nordhordland. Då registrerte eg eit lite utval av sjøbruksmiljø i kommunane Masfjorden, Lindås, Austrheim, Radøy og Meland.

 

I 1993 fekk kommunane tildelt statlege SKAP- midlar for å halda fram med registreringane. Dette året kom også Fedje kommune med i registreringane. Det vart då engasjert to personar i kvar kommune som fekk opplæring og som held fram med registreringsarbeidet. I Masfjorden kommune var det Gunnar Svein Haugsvær og Vibeke Prestmo Valestrand som registrerte dette året. I perioden 1999-2001, gjorde eg på oppdrag for kommunane Vaksdal og Voss liknande registreringar.

 

KVA OMRÅDE ER REGISTRERT
Pr. dags dato er då desse sjøområda registrert:

 

Masfjorden kommune, ferdig bortsett frå eit par gardar
Lindås kommune, om lag halvferdig
Austrheim kommune, ferdig
Fedje kommune, ferdig
Radøy kommune, har registrert om lag 1/3 av sjøgardane.
Meland kommune, ferdig
Vaksdal kommune, ferdig bortsett frå eit par gardar
Voss kommune, ferdig
Osterøy kommune, ikkje registrert
Modalen kommune, ikkje registrert

 

MANGE VARIANTAR AV FERJER OG BÅTAR
Eit viktig poeng med denne nettutstillinga er å kunna formidla variasjonen av båtar og ferjer som er registrert i Nordhordland og Voss. Denne variasjonen kjem m.a. til uttrykk i ulike konstruksjonar og storleikar. Eg fekk midlar av Hordaland Fylkeskommune til å gjera dette klassifiseringsarbeidet i 2001. Dermed var grunnlaget lagt for å presentera breidda av den regionale båt- og ferjekulturen.

 

Ferjene vart i utgangspunktet gruppert etter desse kriteria:
Konstruksjon: kor mange omgangar med bord (bordgangar) det er i ferja
Storleik: kor mange rom det er i ferja (ikkje medrekna fram- og bakrommet)

 

Då eg i 2003 kom ut i felten for å sjå nærmare på aktuelle utstillingsferjer, så oppdaga eg fleire variantar enn registreringsmaterialet viste. Variasjonen synte seg i innved, keipar, samanføyingar, plassering av kjølbord og måten dei var sua på. Dette gjorde at variasjonen vart noko større enn det eg frå fyrst av hadde forventa.

KVA ER EI FERJE?
Folk flest i dag vil vel binda ordet ferje med dei store moderne bilferjene, men ordet og farkosten er truleg svært gamal. Den flatbotna fasongen og den tverrstilte fram- og bakenden (gavlen) på ferja, peikar attende mot dei gamle båtformene som vart brukt i dei forhistoriske stokkebåtane. Ferjene som er registrert i Nordhordland har på same måte som med stokkebåtane heller ikkje kjøl. I sørvestre delar av Vaksdal er det registrert ein ferjetype som er spiss framme tverr bak.

 

I Nordhordland har dei klinkbygde ferjene vore mest brukt i elvar og vatn medan dei klinkbygde båtane har vore mest nytta på sjøen. Likevel syner registreringane at det er fleire områder i regionen der dette bruksmønsteret vert brote, der ferja også vert brukt i sjøen og båten brukt i elvar og vatn. I ytre strok av Nordhordland og sume stader i indre strok vert uttrykket pram eller eke brukt i staden for ferje.

 

FERJEVARIANTAR
Masfjorden har 9 variantar - Nordhordlandsregionen har 19 variantar

Det er nok fleire variantar av ferjer i regionen enn desse tala gjev inntrykk av, fordi registreringane i all hovudsak er gjort i sjøbruksmiljøa. Truleg vil ein kunna finna ein god del ferjer og ferjerestar langs vassdraga i indre dal- og fjellstrok av regionen og talet på ferjevariantar vil kunna stiga ein del.

 

KVA ER EIN BÅT?
Hovudskilnaden på klinkbygde båtar og ferjer av Norhordlandstypen er at båtane er bygd opp på ein kjøl, har ein kvassare fasong og er spisse framme og bak . Ferja derimot, er tverr framme og bak, er rundare og flatare i botn og manglar kjøl. (Sjå prinsippskissene)

 

GRUPPERING AV BÅTANE I VARIANTAR
Det er i all hovudsak registrert tre hovudtypar av klinkbygde båtar i Nordhordland :
1. Nordfjordsbåten
2. Nordhordlandsbåten
3. Hardanger og Midthordlandsbåten

 

I Masfjorden er det registrert båtar frå gruppe to og tre, men og nokre få eksemplar frå gruppe ein er registrert.

 

For å få fram førekomsten av variasjon innan kvar hovudgruppe, har eg gruppert båtane etter desse konstruksjons- og storleiksvariablane:
tal rom
bordgangar
hals type (øksa eller sveigde halsar)
plassering av æsing (oppe eller nede på øvste bordgangen)

 

BÅTVARIANTAR
I Masfjorden 14(truleg fleire)
I Nordhordlandsregionen 58(truleg fleire)

 

KJELDER OG BAKGRUNNSTOFF
Som utgangspunkt for arbeidet med å utvikla denne nettutstillinga, har eg berre brukt dokumentasjonsmaterialet frå båt- og sjøbruksregistreringane i Voss og Nordhordland.

 

NETTUTSTILLING SOM METODE FOR KULTURMINNEVERN OG MUSEUMSUTVIKLING
Etter å ha sortert båtane og ferjene i grupper av variantar, tok eg kontakt med eigarar som eg meinte kunne ha laglege utstillingseksemplar og gjorde avtale om fotografering og nærmare synfaring. I samband med dette var det fleire av eigarane som ville gje gamle båtar, reiskapar og liknande gamle ting til eit lokalt museum. Dersom kommunen lukkast med å skaffa lagerlokale, vil registreringane og arbeidet med nettutstillinga kunna fungera som ein pådrivar for kulturminnevern og museumsutvikling.

 

Gjennom utstillinga prøver eg m.a. å formidla litt om handverket og materialkunnskapen som dei gamle båtane og ferjene er eit uttrykk for. Sameleis prøver eg gjennom intervju og landskapsbilete å formidla noko om dei økonomiske og kulturelle systema desse farkostane har vore ein del av. For meg har det altså vore viktig å formidla dei mange samanhengane farkostane står i. Difor vert dei presenterte og omtalt på fleire måtar. Stikkord her er :

- Bilete- og tekstpresentasjon:
Kvar av farkostane vert presenterte med eigne bilete og tekstar. Alle bileta kan sjåast i større format ved å klikka på bileta.

 

- Prinsippskissa:
Prinsippskissa syner meir poengtert og stilisert korleis farkosten er sett saman. Skissene er ikkje etter målestokk og er heller ikkje heilt identisk med delane i den farkosten som vert framstilt. Likevel syner skissene viktige trekk ved konstruksjonen som ein båtbyggjar eller andre båtinteresserte kan ha nytte av .

 

- Registreringsskjema
Til kvar farkost ligg det ved eit registreringsskjema som syner meir presist og systematisk kva data som er registrert, slik som mål og namn på farkosten, byggjeår, namn på båtbyggjaren, byggjeplass, bruk o.s.b.

 

- Landskapet
Til kvar båt og ferje som er med i utstillinga, høyrer det og med nokre landskapsbilete. Desse bileta kan vera til hjelp når ein les intervjua om båt- og sjøbrukstradisjonane i dei aktuelle områda.

 

- Intervju
Då båt- og sjøbruksregistreringane vart gjennomført på 1990-talet vart det gjort eit eller fleire intervju på gardane. For dei gardane som er representert med ein båt eller ferje i denne utstillinga, er desse intervjua teke med. Gjennom intervjua får lokalkjende folk fortald litt om det "gamle naturfaget", om det gamle produksjonsapparatet, om levemåten på garden og dei driftsmessige samanhengane båtane og ferjene gjekk inn i.

 

- Kulturminneleksikon
For at folk som ikkje er kjend med det gamle båt- og ferjebruket skal kunna få mest mogleg ut av utstillinga, har eg laga eit minileksikon eller kultruminneleksikon , der ein kan slå opp og finna forklaringa på spesielle ord og uttrykk.


 

Tekst: Arne Høyland

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen