TRODAL 1993
INFORMANT: OLAV S. TRODAL f.1922
REGISTRATOR: Gunnar Svein Haugsvær (Båt- og sjøbruksregistreringane)
Første brukar som er nemd i Trodal var Sjur i 1563.
NAUST OG NOTENAUST
-Frå først av var det eit fellesnaust for begge bruka
i Trodal. Seinare var det også felles notenaust. Dette vart
seld til Solheim ca 1920-25. Olav kan ikkje hugsa noko som vart
fortald om dette notbruket.
Naustet som står i dag har årstalet 1822 og bumerket
til br.2 innrissa på arkdøra inn på naustloftet.
Olav trur ein skal tolka det som byggeår for naustet. År
1919 var utskiftinga på innmarka ferdig. Då stod det
eit naust på andre sida av elva. Dette vart så lagt
til br. 1 og br.2 overtok det andre naustet frå 1822. På
naustlemmen hadde dei tørka høy og lauv. Der hengde
dei og fiskegarn.
Dei siste splintane brukte naustet i 1954-55 , (Blekksplint)
BÅTAR
I naustet var det ein firkeiping, ein trekeiping og to færingar.
Då det vart for lite plass i naustet vart dei dregne ut og
stod der til dei rotna vekk. Me hadde ikkje båt i naustet
etter dette.
I notnaustet hadde me ein trekeiping. Denne vart flytta til Haugsvær når nothuset vart seld (truleg same båten som seinare vart send til Amerika, "Sons of Norway" )
Tre- og firkeipingane vart brukt til Fedje for å kjøpa
fisk og elles til føring av ved og lauv.
Me hadde to råsegl, no har me berre att det som eg trur dei
bruka til firkeipingen.
Me hadde ikkje båt i naustet etter dette, men far Salamon Trodal f.1890, bygde ei ferje til oss. Seinare fekk han hjelp av Sverre Haugsvær f.1908 til å byggja ein robåt (færing) 1922-23.
Olai Solheim bygde ein stor færing - ein nordfjordtype - til oss i 1922-23. Bygginga kosta kr 130. Det vart sett inn stilk og montert motor. Seinare vart det lagt skandekk på han. Den vart mykje brukt som skyssbåt og til sleping av ved og tømmer.
Båtane vart alltid tjørebrede. Etter bruk vart dei
mest alltid sett inn att i naustet.
Keipar, årar, tilfar o.l. lagde dei sjølv.
JEKT
Bruka i Trodalen hadde ei lita jekt, men det er lenge sidan.
SKAFT OG ORV
Skaft og orv laga dei sjølv.
GARN
Bestefar var flink og laga og bøta garn. Han lagde auregarn
av fin lintråd.
LINER
Bestefar lagde bastliner.
PALEN
Palen var viktigaste fiskeslaget.
AUREFISKE
Aurefiske starta frå 1914-15
FISKEBEITE
Fiskebuken vart brukt som beite
ISFORHOLD
På neset der notbruket stod var det meir isfritt.
OTERFANGST
Far fanga ein oter med saks i 1929.
VAREBYTE
Fedjefolka kom her ein gong for året for å bytta fisk
mot bork, materialar og staur.
Me hadde ein familie frå Rongevær som handla og bytte
med oss i tre generasjonar.
KVINNER OG SJØBRUK
Her var det mest bannlyst å ha kvinnfolk med på sjøen.
Dei skulle vera heime med rokken.
SJØKLEDE
Vadmolsklær var vanleg pluss sydvest.
NISTA
Graut, potetkaker og raspeball trur eg, men kan ikkje hugsa det.
KVERNHUS
Ved elva står eit kvernhus som er felles for begge bruka.
SAGBRUK OG HØVLEMASKIN
1850-1860 vart sagbruket flytta frå Trysdalselva og hit. Dette
var ei oppgangssag og huset er enno slik det var då oppgangssaga
var i bruk. Oppe i andre etasje på saga ligg føringane
for grinda som sagstokken låg i. Mange av golvborda i denne
etasjen er skorne på oppgangssag, det same er det med golvborda
på naustlemmen. Oppgangssaga var i bruk fram mot siste århundreskifte.
Då bygde dei om frå overvasshjul til sagkall og monterte
sirkelsag. Seinare vart det laga ein liten sagbenk i andre høgda.
Bestefar var flink å vedlikehalde sagblada. Dei konstruerte
også ei høvlemaskin som vart driven frå sagakselen.
Den tida saga var felles (fram til 1920) arbeidde eigarane saman
og skar kvar sin stokk. Frå 1920 overtok så bruk nr.
2 saga. Eigaren av bruk nr. 1 bygde ny sag på nausttomta på
andre sida av elva. Denne er no nedriven. Det same med naustet som
kårmannen på bruk nr. 2 hadde.
VEGBYGGING
Bestefar føreslo vegbygging langs brattaste hamrane inn til
Matre på midten av 1800-talet. Han føreslo at dei skulle
stå på isen og slå inn liggjara i fjellet. Desse
skulle dei setja inn jernstenger i og leggja tredekke oppå.
Han skulle skaffa tremateriale. Det vart snakka om dette, men ingenting
kom ut av det.-
Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør:
Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør:
Frode Vee-Haugen