MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

Areklett - intervju 1

 

INTERVJU 02.07.92     Ord og uttrykk

Informant: Ivar Jakobsen Areklett 1905 - 1998
Dokumentasjon: Arne Høyland

 

BÅTBYGGING
-Han oldefar, Jakob Areklett, bygde ein færing som han far brukte. Seinare vart han seld til Jordal. Eg selde til han som styrde med båtane her tidlegare, og var matros.
Eg har bygd om lag 40 robåtar, trebordingar.

 

FIRKEIPINGEN
Firkeipingen er bygd i Andvik av "Erik i Smehåjen". Han er bygd før 1875 for det året brukte han bestefar og ho besta båten til å koma seg til byen å kjøpa inn til bryllaup.
Båten vart også brukt til å føra sauer på. Førde opptil 18 sauer pluss nokre lam.
Dei førde og fanabeist/kyrabeist med firkeipingen og for til Matre, Haugsvær og Vågset.
Firkeipingen var og brukt til byreise. På heimvegen var dei innom "Smørslikko", ein stad ved Mongstad, der dei slikte i seg smør-restane i ambrane.
Dei førde også materialar på han. Difor er det støtter (sneller) på frambækken og bakbækken, så ikkje tyngden av materialane skulle bryta han ned. Denne båten har alltid stått i det sørlege naustet.

 

BRUK AV FÆRINGEN
Færingen vart brukt når me rodde til handelsmannen og når me var i skogen etter båtbord og ved. Han vart også brukt til fiske. Me brukte og kastegarn og kasta etter makrell og palemort.

 

MADLAUK
Madlauk er eit gras som veks i sjøen.
Dei slo madlauk på fjæra, slo frå båtane, turka det på berget og selde det til byen. Det vart brukt til sengebol. No er dette heilt vekke. Kva som er grunnen veit eg ikkje.

 

KYRKJEBÅT
Til kyrkje brukte me færingen, me segla viss det var vær til det.

 

RO I SKODDA
Dei rodde i skodda, då hende det at dei kom att der dei hadde starta, dei rodde i ring. Kom eg ut i skodda, så høyrde eg elva og peila etter den.

 

KIPA
Han far batt kipe. Dei brukte hunen frå fura, kløyvde spilene med kniven og smidde dei. Han smidde i naustet om sommaren og batt om vinteren.

 

SEGLBÅTEN TIL BESTEFAR
Ivar har ein rorkult som skal ha høyrd til seglbåten til bestefaren. Kan det ha vore til ei masfjordjekt?

 

JEKT I STØLSNESET
I 1930 låg det ei gamal jekt i Stølsneset (Frøyset)

 

JEKTESKIPPAR PÅ HAUGSVÆR
På Haugsvær inne i fjorden budde han Erik på Bue. Han hadde ei jekt og var jekteskippar.
Budde han i kjellaren hjå Gunnar Haugsvær?

 

LYNG
Dei var ute i Dyrøy å skar lyng.

 

FLOTING AV TØMMER
Dei flota tømmer. Av og til landdrog dei. Da slepte dei flåten frå nes til nes. Flåten vart slep utpå med færingen, så rodde dei til land og drog flåten i land på neste nes.

 

KROKA (innved til båt)
Var i Dusenmark og hogg kroka, flota det ut til saga vår.

 

EIK I BERGSVIK (Kjølemne)
For til Bergsvik etter eik der me kjøpte, kappa den og flota den ut att.

 

BÅTASKOG
Ivar nemner desse gardane der han har fått materialar til båtbord: Sævråsmarkje, Dusundmarkje og Risnesmarkje

 

GEIT
Me hadde eit par geiter om sommaren så me hadde mjølk til kaffifløyten.

 

BÅTBYTE MED SPLINTEN
Han bestefar hadde to færingar, den eine bytte han med ein splint.

 

SPLINTEN
Reisande folk i båt, selde ymse varer deriblant klokker.
- låg i kjellaren, dei låg natte over og var ei lita stund om dagen.
- splinten overnatta og i naustet. Når gardsfolket kom ned etter at dei var reist, kjende dei "splintalukt" i naustet.

 

TØRKEPLASS I NAUSTET
Streng under taksperrene der dei tørka sild.-

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen