MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

Intervju med Ludvik

 

INTERVJU 15.07.93

 

Dokumentasjon: Vibeke Prestmo Valestrand
Informant: Ludvik Andvik f.1933

 

FÆRING MED RÅSEGL TIL SJØBRUK
-Me hadde ein stor færing med eit 7-8 kvadrat stort råsegl. Det var brunbarka. Det var ein Johannesbåt.

 

NAUSTET OG LØA SOM TØRKEPLASS
Naustet er frå 1890 etter utskiftinga. I naustet turka me tang og potetkål. Potetlauvet brukte me til kyrene samen med halm og vatn. Fisken turka me på løeveggen.

 

BÅTBYGGARAR I TOTLANDSDAL.
Erik Totlandsdal og Andreas Totlandsdal var båtabyggjarar.

 

RIVER OG HODL
Onkel laga rive, men elles kunne vel alle eit handverk. Dei var nøye med korleis ting vart laga. Fekk ein vondt i handa når ein brukte eit reiskap, måtte ein sjå om ein kunne utforma reiskapen betre.

 

Hodlane vart laga av einer eller hatl som vart kokt og bøygd saman.

 

UTESLÅTT VED STORAVATNET
Uteslått aust i vatnet. Firde høyet med streng og førde det med båt. Firestrengen var 7-800 meter. Det var berre brukt båtar i vatnet, ikkje ferjer. Det var værhardt på vatnet, så ein måtte ha gode båtar.

 

"BEISTAFERJO" OG "KUBENKJEN"
Kolbjørn Reknes har beisteferja, som førde beist frå Reknes over fjorden til Kubenkjen, eit skrått berg på utsida av Ådnekvamsholmen. Berget er like skrått uansett flo eller fjære.

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen