MargfeltTil hovudsida

- Oppdat. 15.05.09 -

Prinsippskisser av konstruksjonen

 


Fire bordgangar.
Æsinga ligg øverst på tredje bordgang.
Fyrste bordgangen klinka til kjølen.
Andre og tredje bordgang er klinka saman.
Tredje og fjerde bordgang er nagla saman med æsinga.


Band, bækkar og hud er i utgangspunktet festa til kvarandre med trenaglar. Men etter ein del reparasjonar er det og brukt ein del jarnsaum. Ronga er festa med jarnsaum som vanleg.


Keipen ligg på innsida av øvste bordgangen og er festa med to naglar som går gjennom keipen og ripebordet.Det er brukt sneller mellom keipen og æsinga som keipen stør seg på.


Framrong


Band med to kortbækkar


Band med bækk + enkelt band (halvrom)


Band


Bakrong

Prinsippskisse av ror og rorbeslag.
Roret er av kvistfri furu.
Styrestong og sveiv (hjelmevolen) manglar. Rundt hol oppe i roret, til å tre gjennom sveiva. På baksida av holet er det festa ein smidd låsepinne, som er brukt til å låsa sveiva fast til roret.
Roret er festa til båten med smidde beslag.
Oppe er det klinka ei jarnlykkje til roret. Dette vert tredd inn i eit hengsel som er festa til stamnen og låst til dette med ein låsepinne av jarn.
Nede på roret er det festa eit smidd hengseljarn med ein pik i enden som vert tredd ned i ei styrelykkje som er festa til lotet. Styrelykkja nede på lotet manglar på denne båten.



Tekst og teikning: Arne Høyland

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen